Merde på havet

Berekraftig havbruk

Lingalaks ynskjer å vidareutvikle havbruk som ei berekraftig næring i Hardanger, i samspel med naturen og lokalsamfunna. Difor reduserer me utslepp, forhindrar rømming og lus, og fôrar fisken med berekraftige ingrediensar. Du kan lese meir om dette i vår berekraftsrapport.


Frisk fisk

I våre anlegg vil me ha god fiskevelferd og lav dødelegheit utan bruk av antibiotika. God utskifting av reint vatn frå fjord, fjell og isbre sørgjer for at fisken lever i eit godt miljø. I kampen mot lus brukar me rensefisk og optiLicer, som begge er kjemikaliefrie alternativ.

Miljø

For å redusere miljøpåverknaden vår, reduserer me CO2 utslepp ved å elektrifisere anlegga. Kjemikalieforbruket blir redusert ved å bruke kobberfrie nøter, og me arbeider med slamreduksjon.

Vårt arbeid med Åpenhetsloven

 

Folk og historie

Fôr

Me er opptekne av å heile tida sjå på nye måtar å drive havbruk på og ta i bruk framtidsretta løysingar. Derfor testar me no å fôre fisken med omega-3 frå Veramaris sin algeolje levert av Skretting. Algeoljen inneheld feittsyrene EPA og DHA og er fri for miljøgifter. Det gjer økt mattryggleik og meir robust laks utan å gå på bekostning av miljøet.

Samarbeid

Lingalaks deltek i miljøfremjande samarbeidsforum for å sikra eit trygt og berekraftig havbruk saman med Havbruksnæringens Miljøfond, Miljøovervaking Hordaland (MOH), Stiftelsen Norsk Villaksforvaltning og Salmon tracking – Miljøovervåking av ville laksefiskbestander i Hardanger. Lingalaks er medlem i Salmon group, eit innkjøpssamarbeid som mellom anna er ein pådrivar for å utvikla bærekraftig fôr.