Gjennom fleire generasjonar har eigarar og medarbeidarar opparbeidd seg unik kunnskap om lokalt miljø og klima. Dette gjev oss store fordelar når det gjeld berekraftig og miljøretta drift.
Me har fått laga ei veldig fin bok du kan laste ned her.
Me har sju konsesjonar og to visningskonsesjonar. Selskapet har hovedkontor i Hardanger, og eige slakteri saman med Tombre fiskeanlegg der. Nokre av våre viktigaste verdiar som bedrift er å vere ærleg, fremtidsretta og ha fokus på godt samarbeid.
Lingalaks har nyleg vore profilert på Hegnar Tv’s program «Oppdretterne». Klikk på lenken for å sjå episoden. Du kan òg lese meir om oss i vår nye brosjyre. Vil du lære litt meir om fisken vår kan du sjå denne videoen frå visningssenteret vårt, Hardanger Akvasenter
Lingalaks AS er eit lokalt familieeigd selskap med base i Strandebarm. Rolv og Åsta Haugarvoll sette i 1978 ut fem tusen laks i sjøen i heimespikra merdar. Eiga slakting vart starta i 1980 og nytt sakteri vart bygt i 1987. Dette blei starten på eit eventyr.
I dag set selskapet ut omlag 2,5 millionar fisk i sjøen kvart år, og er arbeidsplass for nærare 40 personar. Me ynskjer tilfredse kundar, tilsette, eigarar og lokalmiljø. Altså å skapa «glade laksar». Slik kan me gje glade laksar frå vår familie til din familie.
Laksen vår er norsk kvalitetsfisk produsert i naturlege ideelle forhold i Hardanger og Nordhordaland, gjennom lokal kunnskap og erfaring. Hardangerfjorden og skjærgarden i Radøy kan by på reint og klart vatn, gode produksjonsvilkår og i tillegg ein praktfull natur!
I Lingalaks legg me vekt på godt husdyrstell, rett fòr og fòring. Friske, sunne husdyr, som veks opp i frisk vestlandsnatur gjev laksen den unike kvaliteten. Kort sagt, me tilbyr ei eksklusiv matoppleving frå sunne råvarer med høg kvalitet.
Lingalaks har som visjon å forsyne verdsmarknaden med norsk kvalitetsfisk gjennom ein produksjon som gagnar både kundar, tilsette, eigarar og lokalmiljø.
Total produksjon er ca. 11 000 tonn med sløyd laks kvart år. Denne fisken eksporterast til land i heile verda: