Som verksemd er me avhengige av at folk vil bu og trivst i områda der me driv. For å bidra til å skapa trivsel vil Lingalaks vere med å styrke organisasjonar, lag og aktivitetar i våre lokalsamfunn gjennom stønadsbidrag.
Me er stolt sponsor av Team Gla’laks – Hordaland Skiskytarkretss sitt skiskyttarteam. Du kan lesa meir om deira bragder her: Teamglalaks
I 2017 gav me over kr 700.000 i sponsing og stønad til lag, organisasjonar og personar. Stønad vart fordelt med fokus på organisasjonar i Hordaland og våre lokalsamfunn, Hardanger og Radøy men me bidrog òg til landsdekkande organisasjonar som gjer eit viktig arbeid.
Vurdering om stønad vil vektleggja søkjar organisasjonens/personens formål, om det ligg innanfor våre fokusområde; born/unge, kultur eller sport og om det ligg innanfor geografisk heime område.
For å samle opp søknadar og tildele midlar vert søknadar vurdert på ein kvartalsvis basis. For å søkje om stønad, send ein e-post til linga@lingalaks.no og inkluder fylgjande informasjon: